Ja det var fin oversikt!
Min andre tanke var "jøss så mange som var med, kan ikkje hugse alle...." Får skylde på redusert mental funksjon under utstilling....
Ellers har eg eit seriøst problem. Har lova litt for mykje til gubben..

Altså, saken er den, at for å få reise på RR dagen har vi inngått en byttehandel, (En dårlig en!) og eg har då liksom lova at eg skal stille Stitch på ei lokal utstilling. Argumenta til mannen min var sånn sett ganske overbevisande ved første gangs vurdering; 1. Reise på RR-dagen 2. Lita utstilling, og lite løping.
Eg gikk med på det der, og eg har vore så dom at eg har fortalt til venner at EG skal stille, og no må eg vel gjere det? Korleis kunne eg vere så dom å ha eit skikkelig svakt minutt (kankje ha vore øyeblikk)? Første argumentet er bra det, men at eg beit på det andre? Nei og nei! Lite løping? Det er jo ikkje løping som er problemet, det er folk! Skulle ha funne ei utstilling langt vekke, der ingen kjenner meg! Eg kjem til å kjenne alle (iallefall nesten) og når eg besvimer av forvirring og oksygenmangel i ringen så kan eg få hjelp av kjennsfolk... Dette her blir bare verre og verre jo meir eg tenker på det. Mamma sa alltid at den svære kj... min kom til å få meg opp i trøbbel, men der tok ho feil! Det klarer gubben å gjere! Går det an å dø av å nervøsitet kombinert med flauhet?
Har bestemt meg for å melde meg på utstillingskurs, kanskje det vil tilfredsstille gubben? Lite sannsynlig, men verdt et forsøk? Kanskje nokon der ute har eit godt forslag til ei steikje go unnskyldning for å slippe å stille bikkja?
Heidi
Bill.mrk Desperat