Heiditr » Tor Jul 22, 2010 9:11 am
Hei.
Kor mykje ein rr leiker trur eg er veldig individuelt. Mine to er forskjellige.
Gamlegutten, Stitch, har alltid vore av den formeininga at har du kasta den, så har du kasta den. Kvifor i aller vidaste verda skal han hente ting som du har kasta? Om han henter, så er det bare for å bære det lenger vekk... Å leike sisten er ikkje hans ting heller, han kjenner seg litt for "verdig" til den slags. Godbiter fungerer som belønning, men ikkje alltid. Det som han liker er godbit OG ros/kos. Han er ein kosegris, ikkje leikegris ;)
Nia er 9 mnd straks, og mykje meir hopp og sprett. Heilt frå starten har ho bært rundt på pinner og anna lausøyre som ligger rundt huset. Ei grønn vannkanne var ei stund kjekt å gå bære på. Finner ho ikkje passe gjenstander å bære/tygge på er ho ned i vedhuset og henter seg ein skikkelig bjørkekubbe. Ho liker dra-leiker, og blir lykkelig bare ho ser dra knuten komme fram. Kong er suverent, pipe-leiker enda bedre. Godbiter får ho, men ikkje før mot slutten av øvinga, ho vert nemleg så lykkelig for å få dei at ho klarer ikkje å stå på meir enn ein fot i gangen :)
Dersom du ønsker å prøve å få opp leike lysten:
-Velg tidspunkt der hunden din er i leikehumør og ikkje trøtt/sliten.
-Ikkje leik for lenge, avslutt før hunden blir lei, og gje goddis når du inndreg leiken.
-Hald leikinga lavt i terrenget. Mi personlege meining (og erfaring): Du ønsker ikkje ein rr som hoppar opp for å leike, men som held seg nær bakken.
Nokre rr er ganske leikne og lar seg motivere av leikesaker og godbiter. Men ikkje alle har det i sin natur til å vere slik, litt kan du øve opp (Stitch kan faktisk leike, men meir fordi det tilfredstiller oss enn at han har lyst.)
Lykke til.
Heidi