Opptrening

Hei.
Heilt i slutten av juni fekk Stitch eit kutt i venstre framfot, over "handleddet". Sjølve kuttet var stort nok, men det som var verst var nesten avkutta sene. Dyrelegen sydde alt sammen pent på plass, og vi fekk beskjed om minst muleg belastning første vekene, bare litt småturar rundt huset for å gjere det mest "nødvendige".
Så langt har alt grodd fint, senene holder sammen. Dyrlegen meiner at eg bør vente eit par uker til før opptreninga kan begynne igjen. Stitch meiner sjølv han er i suveren form, og vil gjerne ut og mosjonere hjorten før jakta startar.
Då er spørsmålet: Nokon her inne som har erfaring med liknande skade? Og korleis få Stitch i form igjen?
Og så eit humoristisk tilbakeblikk til skadedagen:
Etter å ha kjørt (passe fort) 35 km heim frå jobb, tvinga meg til øh-time hos ein overarbeida veterinær, fått hunden i bilen og kjørt endå litt lenger (aircondition i bilen, steikande varmt ute) parkerer eg på den einaste ledige plassen, 50 meter frå kontoret.
Ut og prøver å få ut Stitch frå buret... Niks, han har det fint der han er, takk... Han har heilt klart skjønt at dette ikkje er ein sosial visitt hos veterinæren. Så lille runde meg, med kvite kle og kvitt hår, ordentlig rød og svett i ansiktet begynner å bli litt desperat. I sidesynet registrerer eg to damer som kjem ut frå kontoret eg vil inn på.
Med ein ordentlig anstrengelse klarar eg å få Stitch ut av buret og ned på bakken, uten at han brukar den skada foten. Dei to damene stopper opp ved sin eigen bil, og begynner å studere opptrinnet. Stitch ville helst inn igjen i bilen, veterinær er noke dr..tt.
Det som no gjenstår er dei 50 meterene bort til kontoret. Men av ein eller anna grunn virkar ikkje nokon av beina til Stitch når han skal den vegen.. I rein desperasjon (tilkande svett, sikkert endå meir rød i ansiktet og passe skingrande stemme) finner eg ut at dei to damene ser dyrevennlege ut, og setter dei i ein meir praktisk aktivitet enn å betrakte eit absurd opptrinn.
Så der var vi, tre damer og ein hund. Ei til å drage i bandet, ei til å holde oppe/dytte bak (gravitasjonskreftene virka ekstra sterkt på bakparten, ukjent årsak) og ei til å gå bøyd og holde i den skada foten. Eg fekk lov til å gå bøyd, og alle som har stått bøyd slik veit at effekten er at ein blir litt ekstra raud i kinnene av det. Eg må ha likna eit svett rødt trafikklys innen vi nådde fram til døra... Lurer på om det er overvakingskamera der??
Dei automatiske dørene (takk takk og takk for dei dørene) går opp, og Stitch ser inn i gangen. Der ser han vekta, og den kjenner han jo frå før. Tross alt driver vi og besøker dyrelegen uten noko spesielt formål anna enn å vege og kjøpe goddis. Kanskje det bare er ein slik tur han er med på i dag?? Ikkje nokre nåler og sprøyter og beføling på han, kun veging! Og med det i tankane blir det fart i Stitch. Resultatet er to damer på kne (ho med akterenden og ho med framfoten) Dama med bandet går det betre med, ho fekk berre ein litt lang arm..
Med Stitch pent i "sitt" på vekta takker eg damene for hjelp. Stitch ser ut til å vere fornøgd med si plassering, for han rører seg ikkje derfrå uten sterk oppmuntring.
Heldigvis er veterinæren effektiv, og ho gjev oss eit rom å vere på, bedøvinga vert sett kjapt og vi slapp å vente i det heile tatt.
Den som hadde hatt opptak av spaserturen frå bilen og inn på vekta... hihi
Heidi og Stitch