Hei hei.
Ja, dei første nettene heime kan vere ei utfordring! Ein lærer så lenge ein lever, og denne gongen var vi skikkelig flinke!
Vi gjorde følgande:
Etter ei god kveldslufting måtte Stitch legge seg i buret sitt. Der var det teppe med frå oppdrettar, koselig å vere. Døra vart lukka igjen (joda, den vart det) Og på utsida, med fingrane inn gjennom sprinklane, låg ein av oss på madrass. Vart gutten uroleg og måtte ut, var vi der. Stitch tykte tydeligvis han hadde det heilt supert slik, ikkje noko syting og klaging, måtte han ut, så var et rett inn i buret igjen etterpå, det var kaldt ute og deilig og varmt i buret.
Etter nokre dagar flytta vi madrassa lenger vekk, men innforbi synsvidde. Det gikk fint, og då han hadde sove seg gjennom eit par netter uten å måtte gå ut, flytta vi opp på loftet og lot Stitch vere igjen nede... Denne "prossessen" tok vel nærare to veker, og var ei god investering. Eg likar å sitte lenge oppe om kveldan, mens resten av gjengen er nokre ufyselige morgonfuglar, så Stitch låg no ikkje så alt for lenge med lukka dør. Han er forresten ikkje nokon morgonfugl han heller. No vart dokke vel overraska
Etter eit par mnd, då Stitch hadde vokst ut av kvalpeburet og flytta inn i "huset" lot vi vere å lukke døra. Det har gått kjempefint.
Håper det var til nytte.
Heidi