Eg heiter Stitch, bur i Sunfjord sammen med familien min, er 10 mnd og stort sett ein trivelig kar... Opprinnelig kjem eg frå ein plass som heiter Shangaza's Kennel, men no har eg altså vorten sunfjording. Det er Heidi som seier at eg stort sett er ein trivelig kar, med eit par unntak, slik som fargestiftar (dei grønne er best), barbiedukker og alt slags papir som kan plukkast frå kvarandre (dorullar er snacks!!!!! Pokemon-kort er bra erstatning når eg ikkje kjem meg inn på badet.)
I det siste har eg fått noia av slike fluger som fyk rundt omkring, so det har vore vanskeleg å "finne roen". Dei voksne seier eg må legge meg ned og slappe av, men dei skulle bare prøvd korleis det e å få fluger på dissa greiene som henger under halen! (Noken som veit ka eg skal med dei? Eg fattar det ikkje, berre i vegen!)
Familien min er ganske greie, med ett stort unntak, eg får nemleg ikkje lov til å ligge i senga til Eira. Og det er ganske so traumatisk for meg. Heidi har sagt det vert for liten plass til Eira i senga dersom eg skal ligge der, men eg tykkjer ho kan ligge oppå meg sånn som ho brukar å gjere når vi ligg nede i stova, det fungerar jo heilt kjempefint!
Det som er litt dumt er at det ikkje er andre RR her omkring som eg kan leike med. Vi hadde ein katt, men han er vekk på damesjekking, så han har vi ikkje sett på lenge. Heidi har lova meg (og ungane) at vi skal få oss ny pus når skulen startar opp i august. Eg såg nokre fine pusekattar i går, og hadde so lyst å ta med ein heim att, men eg fekk ikkje lov, vi skal nemleg på ferie. Kanskje eg kan treffe andre RR når vi er på ferie? Heidi seier at vi skal på utstilling, so det må jo finnest andre RR å hilse på då.
Vi skal først til Moss, deretter ei veke på tur, og so til Nesbyen før vi skal heim att.
Vi snakkast til sommaren! No skal vi på badestranda og kose oss.

Hilsen
Stitch og familien